torsdag 13. november 2008

Ein underleg dag på bondegarden

I dag har vi laga ei forteljing på biblioteket etter skuletid.
Vi ville at forteljinga vår skulle handle om: Hund og katt, kanin og sau, gris og hest, ein bonde, ei mus og ei ku - og ei kone + 2 barn.

Vi er: Anna Elen, Amalie, Mille, Stine, Kristin, Merethe, Hannah, Eline , Marit, Maria og Christian.

Og her kjem forteljinga:

Det var ein gong ein bodegard på Vabø. Der var det mange dyr. Det var 3 hundar, 2 katter, 20 sauer og 10 lam, 10 grisar, 100 mus, 116 kyr , 8 kaninar og ein hest.

På garden budde ei kone og mannan hennar og barna deira som heitte Jeanette og Marius.

Ein morgon fann hunden som heitte Labben ei mus på låven. Labben jaga musa inn i huset. Kona fekk auge på musa, sette i å skrike og flaug opp på stolen. Så kom Fartima inn. Fatima var ein heilt kvit hund. No trudde kona at Fatima ville ete musen i ein fei, med det skjedde ikkje. Fatima kjende nemleg musa. Dei var gode vener frå før av. Derfor sette Fatima seg ned og laga ein høg vislande lyd som kona aldri hadde høyrd før. Det høyrdes ut som ei mus som peip - og det var akkurat det det var, for Fatima hadde lært musespråket av venen sin. Alle musene kjem løpande inn for å prøve å hjelpe. No vert det villt kaos på kjøkkenet. Jeanette og Marius høyrde dei ville skrika til moren og kom løpande for å sjå kva som skjedde. Dei vert forskrekka når dei ser alle musa som pilte ut av døra saman med den første musa som heitte Nika. Bak dei kom katten i fullt firsprang.

Musene forsvann i full firsprang rett inn i fjøset. Kyrne tok til å raute, sauene vart ville og sprang i kvarandre medan lamma breka og grisane song. Kaninane kom for å sjå kva som hendte. Faren hadde høyrd alt bråket og kom for å sjå kva som stod på, tett følgd av kattene.

Denne historien ender med at den siste hunden, Charlie, sit ute på ute på tunet og ular mot månen.

... og alle dei andre dyra

... og alle dei andre dyra





Hunden Charlie som ular mot månen

Hunden Charlie som ular mot månen